Moderskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boeing X-43 med moderskipet B-52 Stratofortress

Eit moderskip eller eit moderfartøy er ein farkost som kan bere eller frakte fleire mindre farkostar ombord, til dømes bombefly som kan bere eksperimentelle fly eller dronar, dykkerfartøy som kan bere med seg ROV eller u-båtar som kan bere med seg miniubåtar eller andre småfartøy. Omgrepet kjem frå kvalfangsttida på 1800-talet der mindre fartøy var brukte til å jakte på kval, medan slaktinga føregjekk på moderskipet. Det er vanleg innan romfart og science fiction.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mänsklig science fiction på bioduken ikväll» (på svenska). SR P4 Östergötland. 20 april 2011. Henta 14 september 2014.